Dag 30+1: Å SMILA TIL SOLA
Eg var litt skeptisk innan eg begynte, det er så kaldt å sykla, men eg fann ut at det gjekk nesten av seg sjølv. Utfordringa, å sykla eller gå til jobben, er sjølvsagt berre barnemat for andre – eg tenker på slike raringar som likar å vera utandørs og som klarer å opna augene i god tid før lunsj (realistar og A-menneske, fysj og fysj!). Og så viste det seg at det var innan rekkevidde for meg òg (noko som øydelegg identiteten min). Det var berre eit spørsmål om å bestemma seg. Rett nok tok eg bilen nokre få dagar, men berre éin gong når eg skulle på kontoret eller til togstasjonen. Då hadde eg til gjengjeld bagasjerommet fullt av sommardekk – som eg skulle setta ifrå meg på heimvegen. Så i røynda vil eg seia at eg besto, eg er godt fornøgd med meg sjølv. Dette vil eg halda fram med. Og når våren kjem, likar sjølv eg å smila til sola.
Dag 27: DET ER REGJERINGA SIN FEIL
Også i dag var det såpeglatt. Eg torde ikkje å håpa på like mykje flaks denne gongen, så eg lot sykkelen stå. Eg tok heller hesten. Eg bur jo på Jæren, trass alt. I bibelbeltet altså, det er apostlane sine hestar eg snakkar om. Dei som ikkje kneggar, men beinar beint av garde beine vegen. Sidan det tar lenger tid å gå enn å sykla, ja det er beinhardt, kom eg fem minutt for seint på jobben. Garborgsenteret sin produktivitet vart nedsatt, og det er regjeringa sin feil. Eg skal forklara: Grunnen til at eg ikkje kom meg opp i tide, var at eg var trøytt. Grunnen til at eg var trøytt, var at eg vart liggande til langt på natt og lesa. Eg vart liggande til langt på natt og lesa fordi boka eg las var så god. Boka var god fordi ho var godt skriven. Og kven hadde skrive boka? Ingen ringare enn tidlegare statssekretær Åmås! Det er sjølvsagt biografien om Olav H. Hauge eg snakkar om. Altså er regjeringa ansvarleg for at eg kom for seint på jobben, og at landets produktivitet er dalande. Og endå verre: Då eg vakna, låg boka midt på golvet som ei felle. Eg kunne ha snubla i ho. Eg kunne ha skalla i dørkarmen og besvimt. Eg kunne ha fått eit stygt blåmerke eller hamna på sjukehus med alvorleg sideskill. Garborgsenteret sin produktivitet kunne ha blitt redusert i lange tider, og alt dette på grunn av regjeringa.
Ja, eg røystar nok MDG neste gong òg, eg
Dag 19: FLAKS
Så langt den vanskelegaste dagen. Eg skulle ta toget til Sandnes, for å vera med på eit møte, og hadde sett av ti minutt til å sykla til stasjonen. Det tar tjue minutt å gå, så eg prioriterte å bli liggande litt ekstra under termodyna mi. Så spratt eg brått opp, heiv på meg kleda og knytta skoa. Men kva såg eg? Vinter! Som om naturen skulle kunna endra seg utan å spørra menneska først. Dustenatur. Vel, problemet var ikkje temperaturen, ikkje snø, ikkje at det var is på dammane. Det var nemleg jærvinter: eit regnfall var brått blitt erstatta med iskulde og hadde storkna til eit jevnt lag med is over heile asfalten. Å sykla ville vera livsfarleg. Skulle eg ta bilen? Eg hadde jo kje tid til å gå. Nei, bilen var på verkstad. Flaks. Eg hadde jo framleis sommerdekk, så det ville ha gått gale. Berre ein idiot ville ha kjørt eller sykla på det føret. Det einaste fornuftige å gjera, for ein vaksen, moden mann med forsørgaransvar, var å spasera roleg, setta seg på eit seinare tog og be om orsak når han kom fram. Eg, derimot, kasta meg over sykkelen. Eg raste av forbi alle dei fregnete småkreka som skulle til skulen, og som leia sykkelen ved sida av seg. På heile turen såg eg berre ein einaste annan galning som sykla. Ho sykla eg fort forbi. Og så, tru det eller ei, men heilt ufortent kom eg uskadd fram til stasjonen. Og veit du kva? Eg var sju minutt for tidleg ute! Idiotisk. Hadde eg berre stått opp tre minutt tidlegare, så kunne eg ha spasert. Men trur du det var det eg tenkte på? Nei, eg tenkte at eg kunne ha lege sju minutt til under termodyna mi, eg.
Dag 17: EIN GAMLING MED HATT
Dette har gått strålande. Eg har sykla til jobb kvar dag, unntatt ein, då måtte eg til Nærbø på eit møte. Og det er fint å ferdast utandørs. Du legg merke til menneska omkring deg på ein annan måte. Du ser dei i augene, nikkar svakt og smiler trøytt. Det er betre enn ingenting. Og så lærer du byggefeltet ditt betre å kjenna. Ein dag trefte eg søppelmannen. Ein annan dag trefte eg ein annan søppelmann, han var nesten heilt lik den første. Så trefte eg den første igjen, og skjøna at han var den same som den andre. Og så har eg treft ein del naboar. Eg har funne ut kven av dei som hentar avisa i berre underbuksa, og kven av dei eg skulle ønska ikkje gjorde nettopp det. Eg har òg treft kattar og hundar, skuleungar på veg til skulen, skuleklassar ute for å ha gym. Det aller meste må seiast å ha vore gode opplevingar. Det var verre den gongen eg traff ein gamling med hatt. Det var ei vond oppleving, men mest for han. Nå har eg begynt å sjå meg for.
Dag 12: DET SKJER MYKJE
Eg har klart meg så langt: sykla til og frå jobben kvar einaste dag. Det er spennande òg. Det skjer så mykje. Fuglar, til dømes, dei skjer svært mykje. Her og der skjer dei, som om det skulle skje noko overalt. Eg såg kje så mykje til fuglane då eg brukte å kjøra bil. Eller jo, forresten, i fjor kjørte eg ihjel ei måke.
Dag 7: SUSER AVGÅRDE
Eg suste avgårde på sykkelen i dag òg. Og denne gongen hadde eg tenkt å ta ein #sjølvi, slik at de får sjå kor rask og sterk og flink eg er. Diverre forsvann eg ut av bildet så fort at eg ikkje rakk å trykka på utløysaren. Eg skal prøva igjen ein annan dag.
Dag 6: SER DET UT SOM EG SVEITTAR?
Morgonen er fin å sykla i. Det er mindre enn ein månad til jul, og ennå har det ikkje vore nattefrost. Det var freistande å skulda på global oppvarming, men så kom eg i hug orda til ein undheimsbu eg kjenner. Han sa: “Global oppvarming? Ser det ut som eg sveittar?” Han er gysla god til å slåst òg, han undheimsbuen. Det er best å høyra på han.
Dag 5: TAKK
Det var måndag morgon og det regna. Takk skal du ha. Det er kje det at eg ikkje veit eg bur på Vestlandet, men Jæren er for faen kje Vestlandet på same måten som resten av Vestlandet er Vestlandet på. For oss er norske fjell eit ondsinna rykte. Likevel regna det noko grassat. Og eg sykla i veg, eg. Gjennom regnet, gjennom pyttar. Og når eg kom på jobben møtte eg blide menneske. Dei gliste ondt, dei. Dei hadde turre klede og normal farge i andletet, dei. Dei hadde kjørt bil, dei. Ja, takk skal du ha.
Dag 2: BERRE KOS
Eg innrømmer det: eg er litt av ein luring. I går sette eg sykkelen ifrå meg rett utanfor inngangsdøra. På det viset slapp eg i morges å slita meg førti meter til bua, leita etter nykkelen i lommane, låsa opp døra, ta ut sykkelen, låsa døra, legga nykkelen i lomma att. Eg sparte eit par minutt på dette, som eg brukte til å kosa meg. Dette skal eg halda fram med. (Til dei av mine naboar som kan koma til å lesa dette: sykkelen ser kanskje ulåst ut, men i fall de tenker å “låna” han, har eg rigga til fallgruver, flygande økser, ormebol og mykje anna som er inspirert av Prince of Persia og Indiana Jones.)
Dag 1: EG SMILER FORNØGD
Eg skal slutta å kjøra bil til jobben. Det er ikkje berre berre, det, for ein som pendlar over tri kommunar. Heldigvis er ikkje eg ein av dei, eg både bur og jobbar på Bryne, eg. Men det er heftig nok, det, min grøne ideologi strir nemleg mot livsfilosofien min, som går ut på å kosa seg. Når vekkerklokka ringer, blir eg gjerne verande under dyna. Eg har ei slik termodyne, eg. Eg smiler fornøgd. Så, etter ti minutt, heilt plutseleg, sluttar eg å smila fornøgd. Eg stupar ut av senga, hoppar oppi skorne og kastar meg inn i bilen. Eg gjev gass òg, i to kilometer. Då er eg framme.
Dette skal det nå bli slutt på. Faen òg. Eg smiler ikkje lenger.